Matteus 6:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.

4. Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

5. Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

6. Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.

7. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord.

8. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det.

Matteus 6