17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
18. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar.
19. Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
20. Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.