Matteus 4:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

12. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea.

13. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land.

14. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15. Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea,

16. det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.

17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

18. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar.

19. Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

Matteus 4