Matteus 4:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.

2. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.

3. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!»

4. Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

5. Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren

Matteus 4