1. På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.
2. Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
3. Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka:«Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!»
4. Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.
5. Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.
6. Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
7. Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?
8. Ber då frukt som viser at de er omvende!