7. Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
8. Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.
9. Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.
10. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
11. Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.
12. Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar
13. og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov.
14. Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.»
15. Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
16. Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei.
17. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila.
18. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
19. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande
20. og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»