Matteus 27:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.»

5. Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.

6. Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»

7. Så vart dei samde om å kjøpa Pottemakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande.

8. Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.

9. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: Dei tok dei tretti sølvstykka, det som han var verdsett til,han som Israels born lét verdsetja,

10. og gav dei for Pottemakaråkeren,slik Herren baud meg.

Matteus 27