Matteus 26:61-69 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

61. som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’»

62. Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?»

63. Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?»

64. Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.»

65. Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.

66. Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»

67. Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet

68. og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»

69. Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.»

Matteus 26