6. Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,
7. kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.
8. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?
9. Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.»
10. Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.
11. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.
12. Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi.
13. Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
14. Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane
15. og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.
16. Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
17. Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»
18. Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»
19. Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
20. Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.
21. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22. Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»
23. Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.
24. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»