5. «Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»
6. Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,
7. kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.
8. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?
9. Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.»