1. Då Jesus var ferdig med heile denne talen, sa han til læresveinane:
2. «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»
3. Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas,
4. og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel.
5. «Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»
6. Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,
7. kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.
8. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?