5. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6. Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’
7. Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.
8. Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’
9. ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’
10. Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.
11. Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’
12. Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’
13. Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
14. Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde.
15. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.
16. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.
17. Han med to gjorde det same og tente to til.
18. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
19. Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.
20. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’
21. Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
22. Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’