Matteus 24:41-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

44. Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45. Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?

46. Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!

47. Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.

Matteus 24