Matteus 24:31-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.

32. Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

33. Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.

34. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

35. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

37. Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38. I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

Matteus 24