5. Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store.
6. Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane,
7. og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.
8. Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er meisteren dykkar, og de er alle sysken.
9. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.
10. Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus.
11. Den største av dykk skal vera tenaren dykkar.
12. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
13. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
14. {{Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.}}
15. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
16. Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: ‘Sver du ved tempelet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i tempelet, er eiden bindande.’
17. Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller tempelet som gjer gullet heilagt?
18. Og like eins: ‘Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, er eiden bindande.’
19. Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?
20. Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det.
21. Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det.
22. Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på den.
23. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.
24. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.