33. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de rømma unna dommen til helvete?
34. Difor sender eg profetar og vismenn og skriftlærde til dykk. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogane dykkar og forfølgja frå by til by.
35. Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret.
36. Sanneleg, eg seier dykk: Over denne slekta skal det koma alt saman.