1. Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:
2. «På stolen til Moses sit dei skriftlærde og farisearane.
3. Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For det dei seier, gjer dei ikkje.
4. Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.