Matteus 22:4-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’

5. Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til handelen sin.

6. Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel.

7. Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.

8. Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige.

9. Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’

10. Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11. Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd.

12. Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde.

13. Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’

14. For mange er kalla, men få er utvalde.»

15. Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.

16. Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du alltid held deg til sanninga og lærer sant om Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skilnad på folk.

17. Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18. Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?

19. Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar.

20. «Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han.

21. «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»

22. Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.

23. Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

Matteus 22