29. Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.
30. For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.
31. Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier:
32. ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»
33. Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
34. Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde fått saddukearane til å teia, kom dei saman.
35. Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde:
36. «Meister, kva bod er det største i lova?»
37. Han svara: «‘Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’
38. Dette er det største og første bodet.
39. Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’
40. På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
41. Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei:
42. «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David», svara dei.
43. Jesus sa: «Korleis kan då David ved Anden kalla han herre når han seier:
44. ‘Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter.’
45. Om no David kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?»