1. Så tok Jesus til orde att og tala til dei i likningar:
2. «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.
3. Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma.
4. Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’