Matteus 18:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei

3. og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.

4. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5. Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

6. Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.

7. Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8. Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden.

Matteus 18