Matteus 18:18-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.

19. Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen.

20. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»

21. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?»

22. Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!

23. Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.

24. Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.

25. Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.

26. Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’

27. Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.

28. Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’

29. Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’

30. Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.

31. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt.

Matteus 18