15. Syndar bror din {{mot deg}}, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.
16. Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord.
17. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
18. Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
19. Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen.
20. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»
21. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?»
22. Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23. Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
24. Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25. Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.