9. På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.»
10. Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?»
11. Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.
12. Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»
13. Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.
14. Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han
15. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.
16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»
17. Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!»
18. Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.
19. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»
20. «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.