1. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.
2. Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.
3. Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.
4. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»
5. Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»
6. Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.
7. Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»
8. Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
9. På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.»