1. Farisearane og saddukearane kom til han. Dei ville setja han på prøve og bad han visa dei eit teikn frå himmelen.
2. Men han svara: {{«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’,
3. og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.}}
4. Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort.
5. Då dei fór over til den andre sida, hadde læresveinane gløymt å ta med brød.
6. Jesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»
7. Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»
8. Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød – de lite truande!