Matteus 15:7-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:

8. Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.

9. Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, er menneskebod.»

10. Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!

11. Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»

12. Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»

13. Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot.

14. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15. Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.»

16. «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

17. «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal?

18. Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint.

19. For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.

20. Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»

21. Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.

22. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»

23. Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.»

24. Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»

25. Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»

26. Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

Matteus 15