Matteus 14:20-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.

21. Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.

22. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket.

23. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.Då det leid til kvelds, var han der åleine.

24. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot.

25. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.

26. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik.

27. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»

28. Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»

29. «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.

30. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»

31. Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»

32. Så steig dei opp i båten, og vinden stilna.

33. Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

34. Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret.

35. Folket der på staden kjende han att og sende bod rundt i heile området, og dei kom til han med alle som var sjuke.

36. Dei bad om at dei berre måtte få ta i dusken på kappefliken hans. Og alle som gjorde det, vart friske.

Matteus 14