1. På den tid fekk landsfyrsten Herodes høyra gjetordet om Jesus.
2. Då sa han til tenarane sine: «Det er døyparen Johannes. Han er reist opp frå dei døde, difor er desse kreftene verksame i han.»
3. Herodes hadde gripe Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette gjorde han for Herodias' skuld, ho som hadde vore gift med Filip, bror hans.
4. For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.»
5. Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet.
6. Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette
7. at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.
8. Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»
9. Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det,
10. og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet.