4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
5. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.
6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.
8. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
9. Den som har øyre, høyr!»
10. Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»
11. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.
12. For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.
13. Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.
14. På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja!