Matteus 13:38-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.

39. Fienden som sådde ugraset, er djevelen. Innhaustinga er enden på verda, dei som haustar inn, er englane.

40. Og slik som ugraset blir sanka saman og brent på elden, slik skal det gå når enden på verda kjem:

41. Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut av riket hans alt som fører til fall, og alle som gjer urett,

42. og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.

43. Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr!

44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.

45. Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.

46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.

47. Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.

48. Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.

Matteus 13