Matteus 13:34-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.

35. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.

36. Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»

37. Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.

38. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.

Matteus 13