18. Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:
19. Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.
20. Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.
21. Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.
22. Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.
23. Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
24. Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.
25. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.
26. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.
27. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’
28. ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.
29. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.