Matteus 12:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet!

7. Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.

8. For Menneskesonen er herre over sabbaten.»

9. Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira.

10. Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.

11. Han svara: «Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp?

12. Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten.»

Matteus 12