20. Han skal ikkje bryta eit knekt siv og ikkje sløkkja ein rykande veike før han har ført retten fram til siger.
21. Og til hans namn skal folkeslaga setja si von.
22. Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.
23. Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?»
24. Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»
25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande.
26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?