Matteus 11:16-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

17. ‘Vi spela på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song klagesongar,men de ville ikkje sørgja.’

18. For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’

19. Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»

20. Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om:

21. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.

22. Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.

23. Og du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.

24. Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»

25. På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.

26. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

27. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28. Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

29. Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.

30. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matteus 11