Matteus 10:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet,

10. og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin.

11. Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verd å ta imot dykk; hos han skal de vera til de fer vidare.

12. Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.

13. Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk.

14. Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.

15. Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.

16. Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!

17. Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.

18. Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.

19. Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.

20. For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk.

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden.

Matteus 10