27. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka.
28. Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete.
29. Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.
30. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt.
31. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
32. Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.
33. Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.