Matteus 10:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.

2. Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,

3. Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,

4. Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.

5. Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!

6. Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.

Matteus 10