1. Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.
2. Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,
3. Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,
4. Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
5. Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!
6. Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.
7. Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’
8. Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve.
9. Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet,
10. og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin.
11. Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verd å ta imot dykk; hos han skal de vera til de fer vidare.
12. Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.