Matteus 1:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. og Isai vart far til David, kongen.David fekk sonen Salomo med kona til Uria,

7. Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa,

8. Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia,

9. Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia,

10. Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia,

11. og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.

12. Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel,

13. Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,

14. Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud,

15. Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,

16. og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

17. Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

18. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande.

19. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille.

Matteus 1