Markus 6:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei.

6. Og han undra seg over at dei var så vantruande.Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste.

7. Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.

8. Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav – ikkje brød, ikkje veske, ikkje koparmyntar i beltet.

9. Dei skulle ha sandalar på føtene, men ikkje ha på seg meir enn éin kjortel.

10. Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.

11. Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

12. Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.

13. Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.

14. Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes er reist opp frå dei døde. Difor er desse kreftene verksame i han.»

15. Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»

16. Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»

17. For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.

18. Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona til bror din.»

19. Difor var Herodias ute etter han og ville få han drepen, men ho greidde det ikkje.

Markus 6