38. «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»
39. Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.
40. Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.
41. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.
42. Og alle åt og vart mette.
43. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.
44. Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
45. Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad.
46. Då han hadde teke farvel, gjekk han opp i fjellet for å be.
47. Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land.
48. Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,
49. men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit gjenferd, og skreik høgt,
50. for alle såg han og vart gripne av redsle. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
51. Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring.
52. For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brøda, så harde var hjarta deira.
53. Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der.
54. Straks dei steig ut av båten, kjende folk han att,
55. og dei sprang rundt i heile nabolaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var.
56. Kvar han enn kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei i det minste måtte få røra ved dusken på kappefliken hans. Og alle som tok i han, vart friske.