Markus 5:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han

7. og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!»

8. For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»

9. No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.»

10. Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut av området.

Markus 5