Markus 4:23-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»

24. Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få.

25. For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»

26. Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda.

27. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.

28. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.

29. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»

30. Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka?

31. Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda.

Markus 4