10. For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han.
11. Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»
12. Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.
13. Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.
14. Han peika ut tolv, {{som han òg kalla apostlar,}} for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna
15. og ha makt til å driva ut vonde ånder.
16. {{Han peika ut dei tolv:}} Det var Simon, som han kalla Peter,
17. Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –
18. og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos
19. og Judas Iskariot, han som sveik han.
20. Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.
21. Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
22. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
23. Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?