1. Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand.
2. Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.
3. Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!»
4. Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje.
5. Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att.
6. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.