22. Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden.
23. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.
24. Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha.
25. Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han.
26. Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».
27. Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans.
28. {{Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.}}
29. Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar!
30. Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!»
31. Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa!
32. Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
33. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen.
34. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»