Markus 15:2-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.

3. Overprestane kom no med mange skuldingar mot han.

4. Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»

5. Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.

6. Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om.

7. Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.

8. Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.

9. Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»

10. For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han.

11. Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri.

12. Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?»

13. «Krossfest han!» skreik dei tilbake.

14. «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»

15. Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.

16. Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken.

17. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans.

18. Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!»

19. Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.

20. Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han.

Markus 15