Markus 14:53-62 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

53. Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.

54. Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.

55. Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.

56. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje.

57. Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa:

58. «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’»

59. Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane.

60. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?»

61. Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?»

62. Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.»

Markus 14